Helse Bergen HF - Ambulanse

Køyreinstruks #31573

OMFANG 
Køyreinstruksen gjeld all køyring for ambulansetenestene i Helse Bergen, Helse Førde, Helse Fonna og Helse Stavanger (heretter Helse Vest/HV).

MÅLSETTING

Ambulansetenesta er godt synleg i trafikkbilde og det er ei målsetting at tilsette skal ferdast aktsamt og elles vere gode forbilde i trafikken både under ordinær køyring og utrykkingskøyring.   

ANSVAR

Tilsette i ambulansetenesta pliktar å kjenne til gjeldande lov og forskrift som regulerer køyring generelt og utrykkingskøyring, inkl. køyreinstruks. Instruksen skal og vere kjent for ressurskoordinatorar i AMK-sentralane.   

LOV OG FORSKRIFT

Utrykkingskøyring er regulert i Vegtrafikklovens § 11 og Forskrift om køyrande og gåande trafikk (trafikkreglene) § 2.4. Utrykkingskøyring gir ikkje unntak frå Vegtrafikklovens § 3

HMS

Utrykkingskøyring medfører auka risiko for både eige personell, pasient og andre. Regulering og avgrensing av utrykkingskøyring er eit viktig tiltak knytt til pasienttryggleik og HMS for våre tilsette.  

UTRYKKINGSKØYRING

AMK fastset hastegrad og varslar aktuelle ressursar. Urykkingskøyring skal vere i samsvar med køyreinstruksen og retningsliner elles for oppdragshandtering. Alle oppdrag skal vere registrert i AMIS/AMK-IKT. 

Fram til pasient 
AMK fastset hastegrad fram til pasient iht. Norsk indeks for medisinsk nødhjelp. 

  • RØD RESPONS (Akutt)

Utrykkingskøyring berettiga. 

  • GUL RESPONS (Hastar)

Oppdraget skal utførast utan unødig forseinking. Det er førar som vurdere om dei trafikale forholda tilseier indikasjon for utrykkingskøyring. Lang distanse og køyretid kan i visse tilfelle kvalifisere for utrykkingskøyring. Ved tvil skal ressursen avklare med AMK-sentralen om pasienten sin tilstand tilseier at utrykkingskøyring er påkravd..

  • GRØN RESPONS (Vanleg)

Utrykkingskøyring ikkje berettiga. 

Retur (innkjøring) med pasient  
Etter medisinsk vurdering avgjer ambulansepersonellet alvorsgrad inn til sjukehus/legevakt basert på triage (SATS Norge) og generell vurdering av pasientens tilstand.

Utrykkingskøyring med pasient ombord er meint i dei situasjonar der tid er/kan vere avgjerande, og kor t.d. mottaksteam står klar og ventar på pasienten ved ankomst.

Ressursen skal gi AMK-sentralen tilbakemelding om pasientstatus og køyreform på retur til legevakt/sjukehus. AMK skal dokumentere dette. Følgjande uttrykk skal brukast: 

  • Pasientens SATS score etterfølgt av valt køyreform inn (2 val):
    • Utrykking 
    • Vanlig

Hastegrad kan endre seg undervegs og AMK-sentral skal oppdaterast for registrering i AMIS. 

  Generelt om utrykkingskøyring 

  1. Ved utrykkingskøyring skal blålys alltid nyttast.Utrykkingssjåfør skal til ei kvar tid avpasse køyringa innanfor eigen kapasitet, og skal alltid ha fullt herredøme over køyretøyet. Køyringa sitt risiko-nivå skal stå i forhold til oppdragets art og medisinske nytte.
  2. Med pasient i bil skal medisinske tilstand vere styrande for køyringa, dvs. som oftast skånsam og ikkje nødvendigvis hurtigast mogleg transport.
  3. Køyring mot rødt lyssignal - lydsignal skal normalt nyttast. Farten skal vere så låg at føraren straks kan stanse for mogleg kryssande eller møtande trafikk.
  4. Ved passering av fotgjengarfelt med personar i nærleiken skal farten reduserast.
  5. Ved parkering på farleg stad kan blålysa nyttast for å ivareta eigen tryggleik, uavhengig av hastegrad på oppdraget.
  6. Som hovudregel skal makker gå ut av køyretøyet for å tilretteleggje for at rygging foregår på ein trygg måte.

Utrykkingskøyring i stengte tunneler  

Potensiale for ulykker i tunnel med pågåande arbeid er høg. Dersom tunnellar er stengt, men at utrykkingskøyretøy kan passere med varsemd gjeld dette:  

  • Oppdraget må ha ei hastegrad på gul eller rød respons. 
  • Det vil vere vesentleg til hinder å køyre alternativ veg.  
  • Ambulansen skal markere med å bruke blålys på både gule og røde oppdrag.  
  • Det skal fortrinnsvis ikkje brukast sirene inne i tunnelane, men det kan gis eit par «støyt» i sirene ved innkøyring i tunnelen dersom det ikkje vert observert arbeidarar ved tunnel inngangen.  
  • Farten må tilpassast spesielt. (Vegtrafikklova § 3)  
  • I tunnelar med 2 felt (i same retning) skal fortrinnsvis høgre felt nyttast.  
  • Vær merksam på at det kan komme køyretøy i motsett retning og at disse nødvendigvis ikkje er godt markert.  
  • Husk at det kan vere personar som er skjult i nisjar, i rømningssluser, i tunnel tak o.l.. Det vil også vere flytting av personell og reiskap i tunnelen, samt til og frå tunnelane.  
  • I ein stengt tunnel vil det nødvendigvis ikkje vere spesiell markering av arbeidande personell eller utstyr.  
  • Ved passering av synleg personell og anleggsmaskiner skal farten reduserast ytterlegare.  
  • Kontakt med ansvarleg i stengte tunnelar kan opprettast via AMK (via Vegtrafikksentralen). 
  • Stengt tunnel med manuell dirigering/kolonne med eller utan ledebil: Ikkje køyr inn i tunnelen, men køyr fremst i køa. Ta kontakt med den ansvarlege for passering.  

Opplæring

Køyreinstruktør fører eigen logg for opplæringsverksemda og treng ikkje registrering i AMK. Den/dei respektive AMK sentralane skal imidlertid vere orientert om køyringa.   

       

      Det er ingen vedlegg til dette tiltakskortet.