Mål
Flåtestyring og koordineringsreglar har som mål å tydleggjere ansvar og mynde som skal sikre at Akuttmedisinsk avdeling (AMA) sine ressursar vert styrt og brukt på ein effektiv og heilskapleg måte.
Omfang
Denne instruksen gjeld alle tilsette i Akuttmedisinsk avdeling.
Ansvar
Avdelingssjef har overordna ansvar for all aktivitet i AMA. Ansvar elles følgjer fullmakts- og delegasjonsreglementet i KSK.
Vakthavande leiar er avdelingssjef sin stedfortredar på vakt. Stedfortredar i beredskapsleiinga følgjer eiga stedfortredar liste, men vakthavande leiar kan unntaksvis måtte ta avdelingssjef si rolle i beredskapsleiinga
Vaktleiar AMK har eit overordna ansvar for AMK- sentralen sin aktivitet på vakt.
Ansvarshavande Koordinator Har eit overordna ressurs- og aksjonsoversikt og endeleg beslutningsmynde i koordineringsspørsmål.
Innsatsleiar Helse (ILH) har operativt ansvar prehospitalt. Dette omfattar å koordinere ressursane, samvirke/koordinere med ressursar frå andre nødetatar, ivareta tilsette sin tryggleik og for å effektivt nytte tilgjengelege ressursar best mogleg på skadestaden.
Vakthavande AMK- lege er medisinsk rådgjevar i alle medisinsk faglege spørsmål og har eit overordna mynde i situasjonar kor det er medisinsk usemje (behandling, prioritering m.m.).
Vakthavande LA- lege kan etter avtale måtte ta på seg rolla som Medisinsk leiar Helse (MLH) på skadestad.
Ansvarsdeling AMK - ambulanse
- AMK - ansvar for:
- Mottak og vurdering av medisinsk nødhjelp 113 (eller via andre kommunikasjonsvegar), samt respons/tiltak og varsling av ressursar
- All flåtestyring/koordinering (ambulanse, båt og luftambulanse) i Helse Bergen
- Pasienten(ane) inntil anna helsepersonell er framme og har tatt over ansvaret (ambulanse, lege, ...)
|
- Ambulanse - ansvar for:
- Å utføre oppdrag i samsvar med respons sett av AMK
- Dialog med AMK dersom uavklarte forhold/spørsmål
- Dialog med AMK, ev. innringar/pasient dersom uklar adresse
- Pasienten(ane) når ein er komen fram på hentestad
|
Koordineringsreglar
Hovudregel
- Ein ambulanse pr. pasient
- I oppdrag med auka risiko, vanskeleg evakuering, krevjande behandlingssituasjon osv., skal det vere låg terskel for å sende fleire ressursar.
- Tal ambulanseressursar må sjåast i samanheng med samstundes bruk av kommunal legevakt og luftambulanse.
- Ved koordinering av ressursane skal A2/A2S-, IL-Helse- og psykiatrikompetanse vektleggast der dette er tenleg.
Flåtestyring - generelt
- AMK skal til ei kvar tid ha oversikt over samtlege ambulansar, og skal ha ein plan for beredskap til å handtere nye røde responsar utan unødig tidstap. Dette kan vere ambulansar som leverer eller er på veg i anna oppdrag (grønt eller gult)
- AMK skal ha ei proaktiv rolle med omsyn til å vere helse sin fagsentral – innhente nødvendig informasjon, ressurs- og utstyrsbehov m.m..
- AMK skal om nødvendig vegleie til rett adresse.
- Pasientar skal leverast til leveringsstad. Dersom det planleggast videre transport eller retur til hentestad skal det avtalast med AMK. Sektorisering/pasientfordeling HUS/HDS/Voss
- AMK skal nytte ledig til/frå-kapasitet der det er tenleg.
- Etter endt oppdrag skal ressursen melde seg ledig utan opphald. Dersom supplering av utstyr og klargjering av bil vil ta lengre tid enn 30 minutt, skal AMK informerast.
- AMK kan ved behov flytte ambulanse med aktiv teneste for å sikre beredskap i eit område. Flytting av beredskap vert tildelt som grønt oppdrag.
- AMK opprettar «Ute av drift»-skjema i AMIS når ein ressurs melder seg ute av drift.
Same skjema skal nyttast til andre aktuelle ressursar frem til klokken 23:59 innanfor same dato. Årsak til ute av drift skal dokumenterast i leveringsstad.
Fordeling av oppdrag
- AMK har det overordna ansvaret.
- Oppdragsmengda skal så langt som mogleg delast jamt mellom ambulansane stasjonar med fleire bilar. Ulike vakttider/vaktskift, kompetanse, pauseavvikling m.m. kan medføre ujamn fordeling.
- Overtid og avbrotne pausar bør unngåast, men ikkje ved:
- røde oppdrag
- gule oppdrag som har venta meir enn 30 minutt og/eller som ikkje er tilsett/vurdert av helsepersonell på LV/institusjon.
Bestillingsrett og samtidighetskonflikt
- Ved usemje om behov for ambulanse som ikkje lar seg løyse direkte med tingar/rekvirent skal AMK opprette kontakt mellom rekvirerande lege og vakthavande AMK-lege (medisinsk usemje) eller vakthavande leiar (operativ usemje).
Varsling / kommunikasjon
- All varsling og kommunikasjon skal følgje gjeldande sambandsreglement.
- Varslinga skal innehalde hastegrad (rød, gul) og gate/kommune/sted.
- Ambulanse skal respondere på varsling iht. retningslinje for
- Utalarmering vert utført i samsvar med sambandsprosedyre i Helse Bergen.
| Grøn respons |
Gul respons |
Rød respons |
|
Prioritering mellom ventande grøne oppdrag:
1. Ambulansefly 2. Timebestilling til undersøking/behandling 3. Pasientar som ikkje er tilsett av lege eller vurdert av lokal legevakt 4. Overføring til høgare omsorgsnivå 5. Pasientar som er tilsett av lege og skal innleggast til sjukehus 6. Heimkøyring frå legevakt 7. Heimkøyring frå sjukehus 8. Overføring frå sjukeheim til bustad/sjukeheim 9. Overføring frå sjuketransport
|
Prioritering mellom ventande gule oppdrag:
1. Pasientar som er utandørs 2. Pasientar som ikkje er tilsett av lege 3. Pasientar som er tilsett av LV-lege eller er på institusjon/sjukehus
Varsling i TG Bergen-07
|
Nærmaste tilgjengelege ambulanse.
Trua ABC – nærmaste ambulanse sjølv om den er opptatt (grøn, gul).
Vurder varsling av akutthjelpar.
Varsling i TG BERGEN-01.
|
|
Heimkøyring/overføring frå sjukehusa sine akuttmottak, inkludert korttidspost, legevakt og poliklinikk vil bli utført i samsvar med hastegradsprioritering.
|
Ved samstundeskonflikt eller lang ventetid på gule oppdrag, skal AMK vurdere i samarbeid med rekvirent om nokre oppdrag kan løysast ved hjelp av andre transportmidler enn ambulanse, ev. anmode om kommunal legebil kan sjå til pasient i påvente av ledig ambulanse.
|
Fleire ambulansar med tilnærma lik responstid - bruk ambulanse med A2 om tilgjengeleg.
Det kan i gitte tilfelle vere ambulanse med lengre responstid som blir sendt.
AMK koordinator avgjer kor mange ambulansar som skal sendast til aktuelle oppdrag.
Ambulansar som «ettersendast» til hending skal få oppdatert informasjon fra AMK om hendinga.
|
|
AMK-koordinator vurderar utifrå driftstatus - skal om mogleg informere rekvirent om utsette oppdrag.
|
Gul respons som ventar > 30 min dokumenterast med tiltak (ikkje ledig amb) i AMIS
|
MASSEUTALARMERING
Ved større hendingar kor det er behov for 4 ambulanse-ressursar eller fleire. Vurder ambulansealarm Bergen.
AMK tildelar aktuelt oppdrag i Locus først når ambulanse har meldt seg med ledig status.
Rød respons som venter >1 min dokumenterast med tiltak (ikkje ledig amb) i AMIS. |
Dokumentasjon
AMK skal motta primær-tilbakemelding frå ressursar, dokumentere direkte i AMIS og legge inn ressurs-id, Triage og leveringsstad når dette er avklart.
Spesialressursar
Luftambulanse
- Bruk av luftambulanse helikopter og legebil er definert i eiga prosedyre (Varslingskriterier LA - finnes i EK)
- LA-lege er og vakthavande AMK-lege. Varsling av AMK- lege via selektivt oppkall på radio (unngå å alarmere heile crewet)
- Ved utflydd crew, vert AMK-lege funksjonen lagt til ein staefortredar som vert kontakta per telefon.
- Medisinske spørsmål skal primært gå til vakthavande LV-lege/ Kommunelege. Fortrinnsvis skal dette gå via AMK i konferanse slik at samtala vert lydlogga.
571/PA (Psykiatriambulanse)
- Normalt leverer PA pasient til LV/sjukehus. I enkelte tilfelle, for pasientar med psykose, mentalt ustabile og pasientar med stor rømningsfare, er det aksept for at PA ventar på LV med pasient innan rimeleg tid <30min. PA skal informere koordinator når det er aktuelt.
- Når PA nyttast på somatiske oppdrag skal oppdraget om mogleg vere av kort varigheit.
Ambulansebåt 581
- Disponerast av AMK på lik linje med andre ambulanseressursar.
- Akutt- og hasteoppdrag for ambulanseverksemd har prioritet.
- Ambulansebåten kan og nyttast i andre kommunar enn Austevoll.
- Austevoll kommune har avtalefesta rett til å rekvirere ambulansebåten til ulike oppdrag:
- Kommunelegar og andre legar som er tilsett i kommunen sin allmennlegetenesta
- Jordmor
- Vakthavande heimesjukepleier
- Vakthavande brannsjef
- Rådmann
- I tillegg kan HRS anmode om ambulansebåt til oppdrag relatert til søk og redning.
- Dersom det oppstår annan innbyrdes konflikt avgjer AMK Bergen i samråd med vakthavande lege i kommunen.
- Heimkjøring til Austevoll med ambulanse/sjuketransport (finnes i EK)
Kuvøseoppdrag
AMA har fått levert et adapter for bruk sammen med Stryker Power Pro XT elektrisk båre når man skal frakte luftambulansekuvøser og andre kuvøser med Mansell Cosypod kuvøse feste. For tida plassert i Fana ambulansestasjon.
For bruk av Neodeck kuvøseadapter for transport av kuvøse, sjå lenke.
Rekvirering av ekstraressursar
Rekvirering av beredskapsferje
- All rekvisisjon av ferje skal gå via AMK som har mynde til å godkjenne slik transport (ferje som må vente eller beredskapstur)
- Oppdraget må haste og vere til medisinsk nytte for pasienten.
- AMK kontaktar aktuell ferje og rekvirerer denne (opplys AMIS- nummer). Rekvisisjon skal dokumenterast i aksjonslogg.
- Varslingsnummer – sjå kommuneskjema i Bliksund, ev. Transmed (POI – Ferjer, link til rutetabell).
- Det kan unntaksvis vere behov for å rekvirere ferje til pasientar som transporterast i privat bil eller drosje – også dette skal godkjennast av AMK.
Andre ressursar
Bruk av båt til ambulanseoppdrag (helse-bergen.no) (finnes i EK)
Bruk av Røde Kors ambulansen (finnes i EK)
Beredskapsbil Godvik
Beredskapsbil Godvik
Akutthjelper
- I dei fleste kommunar har brannvernet akutthjelpar teneste. Utstyr og kompetanse varierer, men dei fleste har hjartestartar og oksygen.
- Desse kan nyttast i dei tilfelle der pasienten trenger livreddande tiltak i påvente av ambulanse, eller på to-bil oppdrag der ambulanse nummer to har lang køyretid.
- Behov for akutthjelper vert avklart med lege i vakt/LVS, og varslast via 110-sentralen.
- I Bergen kommune er det AMK som vurderer behov for akutthjelper og varslar via 110-sentralen. Nærmare instruks for utkalling ligger i kommunekart under aktuell kommune.
Pauseavvikling
- AMK (koordinator) skal i samarbeid med ambulansane legge til rette for at alle ambulansane får avvikla pausar. Pause tildelast som grønt oppdrag i AMIS (V2) i eige pauseskjema i AMIS – noter tid for pauseslutt i leveringsstad.
- Ambulansepersonell pliktar å melde pausebehov til AMK.
- AMK kan dersom det er hensiktsmessig be ambulansane avvikle pause på annan ambulansestasjon eventuelt anna eigna stad.
- Køyring til pauseavvikling skal skje utan opphald.
- Handling i butikk inngår i pausetida.
- Ressursar som er i eigen stasjon ved oppstart av pausevindu, skal avvikle pause med mindre dei får annan beskjed av AMK
- Vakter – inntil 8 timar
1 pause på minst 30 minutt. Oppstart av pause skal fortrinnsvis leggast 3-5 timar etter påbegynt vakt.
- Vakter – 8 og inntil 10 timar
1 pause på minst 45 minutt. Oppstart av pause skal fortrinnsvis leggast 3-6 timer etter påbegynt vakt.
- Vakter – 10-13 timar
1 pause på minst 30 minutt og 1 pause på minst 45 minutt. Oppstart av pause skal fortrinnsvis leggast 3-6 timer og 7 – 10 timer etter påbegynt vakt.
- Vakter – 24 timar
2 pauser kvar på minst 30 minutt og 1 pause på minst 45 minutt. Oppstart av pause skal fortrinnsvis leggast 3-6 timer (30 min) og 7 – 10 timer (45 min) og 12-15 timer (30 min) etter påbegynt vakt. Eininga kan i samråd med AMK bytte om lengda på dei 2 siste pausane.
- AMK Koordinator sender SDS når pausen startar, om mogleg.
Utkøyrd på tid
Ressursar som er utkøyrd på tid iht. arbeidstidsavtalane punkt om «kompenserende hvile for personell på ambulanser med døgntjeneste» [1], kan kun nyttast på rød respons, fortrinnsvis som first-responder.
Ressursane held sjølv oversikt og er sjølv pliktig til å melde seg «utkøyrd på tid» til AMK. Ved høg aktivitet der ambulansen nærmar seg utkøyrd på tid, skal fartøysjef sørge for at AMK koordinator blir varsla om dette. Personell som melder seg utkøyrd på tid varslar sjølv vaktleiar i den aktuelle seksjonen frem til kl. 22:00. Ressursar ute av drift vert definert som grønt oppdrag (V2) i AMIS.
[1] Dersom samla aktivitet overstig 12 timer for personell på biler med døgnteneste, utløyser dette «siste val», dvs. påfølgjande 8 timer kviletid på eigen stasjon. Dvs. at eininga skal vere skåna for grøne og gule oppdrag jf. Norsk indeks. Røde oppdrag skal alltid utførast dersom eininga er nærmaste eller mest eigna for oppdraget. For å redusere tidsbruken som first-responder ved «utkøyrd på tid», skal annan bil nyttast for transport av pasient («dobbel-alarm»).
Leiing
Vakthavende leiar (501)
Sjå lenke for tiltakskort 01. Vakthavende leder (501)
IL-Helse (502)
|
IL-Helse Sentrum stasjon Ambulanse 531 Ansvar vest for Helletunellen, Stanghelle og vest for Fykse bru.
|
IL-Helse Voss Ambulanse 544 Ansvar øst for Helletunellen, Stanghelle og øst for Fykse bru
|
|
Varslingskriterie ILH
- IL-Helse skal normalt varslast i situasjonar kor det er behov for samvirke eller koordinering mellom helseressursar og/eller andre nødetatar
- øyeblikkeleg aksjon (ØA) frå politiet /PLIVO
- brannar som helse rykker ut på
- trafikkulykke med fleire skadde
- medisinske eller skadde pasientar som ikkje kan evakuerast på normal måte
- hendingar der personelltryggleiken er ei utfordring
- hendingar utanfor veg som krev ekstrainnsats
- AMK skal ta omsyn til IL-Helse kompetanse ved varslet fare, eksempelvis ekstremvær, demonstrasjoner og større arrangementer
- AMK Bergen skal varsle ILH i primærmelding eller så tidleg som mogleg når indikasjon for varsling er identifisert
- ILH vurderer om det er hensiktsmessig å rykke ut (ILH-oppdrag), avhengig av hendinga sin art og lokasjon
- Ved ressursknappheit må AMK saman med ILH gjere ei heilskapleg vurdering om det er hensiktsmessig å rykke ut på hendingar kor leiar ambulanse kan handtere oppdraget
- Ved samstundeskonflikt skal AMK vurdere om det er mogleg å frigjere ILH frå anna oppdrag. ILH vurderer om det er forsvarleg å frigjere ressursen
- På skadestaden er det leiar ambulanse/ILH som disponerar og koordinerar ressursar i innsatsområdet. Frigjering av ressursar skjer i dialog melllom AMK og ILH
- ILH-beredskap skal ikkje gå på bekostning av behov for ambulansekapasitet i drifta. Om mogleg skal ein unngå tidkrevjande oppdrag, men dersom 531 er på oppdrag så fullfører ein som hovudregel oppdraget framfor å sende ny bil.
Ved hendingar som ILH oppfattar som hensiktsmessig å rykke ut på men kor dei ikkje er varsla, skal ILH kontakte ansvarshavande AMK koordinator for ytterlegere opplysningar og avklare om det er behov for IL-Helse. Usemje mellom AMK og ILH – vakthavande leiar tar avgjerd.
|
Personelltryggleik
I oppdrag kor det er knytt høg risiko for personellet ved å starte evakuering eller behandling av pasient (t.d. skarpe oppdrag», stikkvåpen, utagering) skal ambulanse be AMK om bistand frå Politi og/eller brannvern.
I situasjonar der helsepersonell er først framme på ein skadestad vil anmoding om bistand ofte innebere ei forseinking i høve å yte livreddande helsehjelp, men omsynet til personellet skal vege tungt.
AMK skal i situasjonar med risiko knytt til personelltryggleiken innhente tilgjengeleg informasjon om aksjonen/hendinga (innringar, andre nødetatar osv.).
Personell på staden avgjer om dei vil gå inn i situasjonen eller ikkje basert på situasjonsforståinga og tilgjengeleg informasjon. Råd frå spesielt politiet skal takast omsyn til.
AMK varslar ILH og orienterar om situasjonen.
Ved skade på personell skal nærmaste leiar eller stedfortredar/ vakthavande leiar varslast umiddelbart av vaktleiar AMK Bergen.
Seksjonsleiar/vakthavande leiar skal i slike situasjonar utan opphald informere avdelingssjef.
Sikkerhetsalarm
- Ved reel utløyst Sikkerhetsalarm - følg prosedyre Sikkerhetsalarm
- Tryggleiksalarm skal testast kvar dag, etter liste. Anvend rutine for feilutløyst alarm.
Defusing
Ambulanse melder til AMK ved behov for defusing. AMK bør tilstrebe å legge til rette for at ambulanse vert tatt ut av drift for defusing i inntil 60 min. Dersom ambulanse må takast lengre ut av drift skal fartøysjef varsle nærmaste leiar eller stedfortreder/ vakthavande leiar og AMK informerast om dette.
Driftsavvik
- Alle behov for å ta ambulansar ut av operativ drift meldast umiddelbart til AMK.
- Ambulansar til og frå verksted meldast tenesteveg.
- Avvik på gjeldande retningsline for koordinering skal meldast i Synergi. Avvik som krev umiddelbar handtering, skal løysast på lågast mogleg nivå.
Trafikkuhell
- Dersom ein ambulanse er involvert i trafikkuhell skal involverte opptre iht. vegtrafikklova.
- Ved trafikkuhell med personskade kor ambulanse er involvert skal ambulansen som hovedregel varsle AMK på nødtelefon 113. AMK trippelvarsler ihht gjeldende prosedyre.
- I tillegg skal nærmaste leiar eller stedfortredar varslast umiddelbart av AMK koordinator eller vaktleiar. På ubekvem tid varslast vakthavande leiar.
- Seksjonsleiar/vakthavande leiar skal utan opphald informere avdelingssjef ved ulukker som involverer tilsette eller pasient.
Vaktbytte/Vaktstart
Ved vaktstart til koordinator via epost: amk.bergen@helse-bergen.no.
- Ressurs/bilnummer
- Navn Alfa, Bravo, Læring/hospitant
- A2S/A2/A1
E-post til AMK seinast 10 minutt etter vaktbytte (heile døgnet). Sekundært vert vaktbytte meldt på telefon. Ambulansane bør gis rimeleg tid (inntil 20 min) til gjennomgang og vask av bil/utstyr i vakttida, fortrinnsvis ved vaktstart.
Det skal som minimum gjennomføres en alfasjekk før første oppdrag på vakten påbegynnes. Denne skal tas så snart påtroppende mannskap har overtatt vakten, og skal inneholde sjekk av hjul/dekk, oksygen og CorPuls. En skal også påse at akuttsekken er på plass i hyllen.